Onsdag 10. og torsdag 11. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.
Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Å vera med på Ministrunken kostar 1.000 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.
Instruktør song: Margit Myhr
Margit er songar, dansar og skodespelar frå Ål i Hallingdal. Ho har vore engasjert ved Västanå Teater i Sverige sidan 2013, i tillegg til å ha produsert eigne førestillingar her i Norge.
Ho har òg jobba for fleire dansekompani, seinast i Mamelukk dansekompani si forestilling «Livmødre». Margit har sunge folkesong sidan ho var lita og er fast medlem i vokalgruppa Kvedarkvintetten. Ho fekk kongepokalen for sigeren i Vokal Klasse A på Landskappleiken i 2016 og har gitt ut fleire plater med vokalstoff bygd på tradisjonen i Hallingdal.
Margit gler seg veldig til å koma på Ministrunken i sommar og håpar å treffe mange sangglade born der!
NB! Hugs påmeldingsfristen 15. juni kl. 23.59!
Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no.