Kvalitetskurs for dei mindre!
Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje, Ministrunken ventar på deg!
Foto: Ingvil Skeie Ljones
Valdres Folkemuseum på Fagernes er den idylliske arenaen for todagarskurset Ministrunken for barn i alderen 6–11 år. Det er påmelding til Ministrunken, og alle kurs brukar å bli fylt opp.
Under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen. Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Jørn Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.
Torsdag får ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!
Å vera med på Ministrunken kostar 1.100 kr, og inkluderer mat, instruksjon og konsertar. For påmelding, sjekk Strunkeveko sine nettsider her! Påmeldinga for 2026 er avslutta.
Er du mellom 3 og 5 år og har ein vaksen som kan følge deg, då kan du bli med på Mikrostrunken!
Kursdagar 2027:
Onsdag 14. juli kl. 10.00–15.00
Torsdag 15. juli kl. 10.00–15.00
Praktisk informasjon!
Oppmøte: Dei som er påmeldt møter ved Slidrehuset, onsdag 14. juli kl. 09.45. Spør i resepsjonen på museet om du er usikker på kor du skal gå, det vil også vera skilta.
Hugs at vi får låne dei antikvariske husa på museet til kurset, viktig å passe på at ingen rører tinga som står utstilt i husa! For å unngå saft-søl ynskjer vi derfor at de ikkje har noko anna enn vatn på drikkeflasker.
Mat: Det blir servering av mat begge dagar. Om nokon har matallergiar så er det viktig at de gjer beskjed på e-post om dette om du ikkje har gjort det i påmeldinga.
Foreldre: Kursdeltakarane er med lærarane på gruppa når det er undervisning. På fellesdansen er alle samla. Det kan vera fint å halde seg litt i bakgrunnen. Ungane og lærarane blir fort trygge på kvarandre. Vi oppmodar foreldre til å nytte seg av det fine uteområde på museet.
Har du spørsmål undervegs, ta kontakt med Ministrunk-sjef Brigitte Blomlie: 909 24 664
PÅMELDINGA OPNAR 1. APRIL KL 13.00. HUGS PÅMELDINGSFRISTEN 15. JUNI KL. 23.59!