Halling
Hallingkurs med Ulf-Arne Johannessen
Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset på Strunkeveko plassen å bli ein betre hallingdansar. Ved sidan av store mengder hallingdans blir det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Halling fordjuping
Halling fordjuping med Ådne Geicke Kolbjørnshus
Ta hallingen til nye høgder! Nivået på hallingdansen i Noreg er på veg godt oppunder taket. Strunkeveko tek konsekvensen av dette og tilbyr kurs for den som verkeleg byrjar å få taket på både kast og takt. Fordjupingskurset i halling er for deg som har kome verkeleg langt som dansar, og kurset krev at deltakaren held høgt levels. Fokuset på kurset er å utvikle seg som dansar og jobbe med eit personleg uttrykk.
Du lyt vera over fjorten år og ha ei interesse for både danser og teknikken bak. Har du det, lovar vi store mengder inspirasjon og danseglede i løpet av desse dagane i Valdres.
Ådne Geicke Kolbjørnshus er frå Valdres og dreiv med turn og snøbrett før han begynte å danse i Bygda Dansar som 16-åring. Etter vidaregående har han vore freelance scenekunstnar på full tid, med ulike dansekompanier som Frikar, Kartellet og Døgeniktene. Ådne har vunne landskappleiken i halling to gonger, og har i 2022 og 2023 fått statens kunstnerstipen.
Søskenmoderasjon: Hvis to eller fleire søsken deltek på kurset får de en søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriver då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Hardingfele
Hardingfelekurs med Johanne Løkensgard Mjøs
Kurset har fokus på låttelære, men du får også gode tips til vidare utvikling som hardingfelespelar. I år har vi lærar frå Vestlandet, og låttar frå desse områda står naturleg i sentrum. Johanne spelar og i tradisjon frå Hallingdal. Deltakarane blir delte inn i to grupper etter nivå og alder. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.
For å vera med på hardingfele bør du ha spelt i minst to år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Hardingfele fordjuping
Hardingfele fordjuping med Helga Myhr
Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med.
Helga Myhr har vakse opp på Torpo i Hallingdal. Ho har utdanning frå landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule og som utøvande musiker frå Norges Musikkhøgskule. Helga jobbar som musikar på heiltid og spelar i mange ulike grupper og band. Blant anna Morgonrode, Kvedarkvintetten og i duoen Helga og Tanja (med Tanja Orning). Helga har også gitt ut soloplate med song og hardingfele i 2019 som vart nominert til Spellemannprisen.
Helga var sjølv elev i mange år på Strunkeveko og gler seg til å kome attende som instruktør.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Fele
Felekurs med Rasmus Kjorstad
Fem dagar med undervisning i fele med fantastisk instruktør frå Gudbrandsdalen.
Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.
Rasmus Kjorstad er frå Gudbrandsdalen og er utdanna ved folkemusikklina ved Vinstra vgs og Norges musikkhøgskule. Rasmus er musikar på fulltid og spelar i band som Morgonrode, Kjorstad brothers, Reolô og Vassvik. I 2022 gav han ut si fyrste soloplate med slåttespel frå Gudbrandsdalen på fele, oktavfele og langeleik.
For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Fele fordjuping
Fele fordjuping med Mari Skeie Ljones
Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på fele for å vera med.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Langeleik
Langeleikkurs med Andrea Søgnen
I år har me fått tak i ein super utøvar frå Hallingdal til å ha kurset i langeleik. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.
For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.
Andrea Søgnen frå Gol er ei prisløna folkemusikar og folkedansar. Ho studerer bachelor i Folkemusikk ved Universitetet i Sørøst- Norge, campus Rauland. Andrea har ulike instruktørjobbar i samband med sitt engasjement som musikar for Dextra Musica.
Andrea er ein viktig tradisjonsbærar for langeleiktradisjonen i Hallingdal. Ho har eit breidt repertoar frå Hallingdal, Valdres og Telemark, og tek stadig i bruk låttar frå andre instrument og kveding, som ikkje er brukt på langeleik tidlegare.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 15. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Langeleik fordjuping. NYTT KURS!
Langeleik fordjuping med Ingrid Lingaas Fossum
Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.
Er du klar for å ta langeleikspelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på langeleik for å vera med.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket
Pris: 3 600 kr
Toradar
Toradarkurs med Mads Erik Odde
Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.
For å vera med på toradar bør du ha spelt i minst to år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Toradar fordjuping. NYTT KURS!
Torader fordjuping med Kristoffer Kleiveland
Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.
For å vera med på toradar fordjuping må du vere over fjorten år og ha spelt lenge.
Kristoffer Kleiveland vaks opp i eit sterkt folkemusikkmiljø på Osterøy, der både dans og musikk prega kvardagen. Seinare har han studert utøvande folkemusikk på Ole Bull Akademiet. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger, og driv med opplæring i durspel og har kurs og konsertverksemd i inn- og utland.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Song
Songkurs med Camilla Granlien
Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe.
Camilla Granlien (f. 1974) er utdanna folkesangar med ein master i tradisjonskunst fra Universitetet i Sørøst-Norge. Ho har jobba som frilans songer i snart 20 år med mange konserter i regi av m.a. Den kulturelle skulesekken, barnehagekonsertar, Spaserstokk-konsertar og ulike festivaler. I tillegg held ho konsertar med band og prosjekter og likar godt å bruke folkesongen i møte med andre sjangrar og musikarar. Camilla har undervist m.a. ved folkemusikklinja på Vinstra vidaregåande skule og Ole Bull akademiet.
NB: Vi har og song fordjuping for dei over 14 år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Song fordjuping
Song fordjuping med Synnøve Brøndbo Plassen
Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. På fordjuping i song går ein endå meir inn på særtrekk i kveding, ornamentering, klang etc. Fordjupingskurs er for dei over 14 år.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Pardans
Pardanskurs med Maria Skjeldrum Toppe
Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar.
Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år.
Søskenmoderasjon: Hvis to eller fleire søsken deltek på kurset får de en søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriver då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Pardans fordjuping
Kurs i pardans fordjuping med Solveig Brekke Hauknes
Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.
Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar.
Solveig Brekke Hauknes (f. 1993) kjem frå Bærum og bur no i Vågå i Gudbrandsdalen. Til dagleg arbeider Solveig som kulturrådgjevar for folkemusikk og folkedans i Noregs Ungdomslag og som produsent og prosjektleiar i musikkproduksjonsselskapet Melovitten. Ho arrangerer også fleire festivalar og konsertar.
Solveig er ein engasjert folkedansar og instruktør, som har dansa og spelt fele/hardingfele stort sett heile livet. Ho deltok sjølv på Strunkeveko som ungdom. Solveig har eit brennande engasjement for folkedansen og folkemusikken, og elskar å få nerde dans i lag med andre. Ho er spesielt glad i runddans og pols, men har eit breidt fagområde som ho underviser i og synes det er spennande å utforske nye dansetradisjonar.
Solveig har helde ei rekkje kurs for nybyrjarar og godt erfarne dansarar og for både unge og eldre. Ho gler seg stort til å halde pardanskurs på Strunkeveko til sommaren!
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr
Samspel. NYTT KURS!
Samspelkurs med Vegar Vårdal
Strunkeveko vil i 2023 tilby eit kurs i samspel for ulike instrument, det kan vere fele, fløyte, gitar, perkusjon osb. Det er mykje fokusert på samspel og kryssing av sjangerar i dagens folkemusikk, og Strunkeveko ynskjer å gje elevane gode forutsetningar til å vere premissleverandørar her. Kurset vil ha ei nedre aldersgrense på 14 år, som fordjupingskursa.
Vegar er ein erfaren pedagog, og reiser mykje rundt med mange ulike prosjekt - anten som musikar, pedagog, dansar, arrangør eller komponist. Han er lærar for FolkLeiarUng - prosjekt for dei unge talentene i FolkOrg, og har ansvaret for samspel på Ole Bull Akademiet. Vegar lever av å arrangere og komponere, og skal denne hausten levere to bestillingsverk til to store folkemusikkprosjekt. Han gler seg masse til å møta dykk, og håpar at de saman kan lage superbra musikk, anten det er gamaldans, springar, lyarslåttar eller ei moderne vise. Du skal få tips til korleis du kan gjere dette sjølv, og du kan utfordre Vegar til å få gjennom samspeldraumen.