Her finn du stort og smått som er greit å vite om opphaldet på Strunkeveko. I 2023 blir kurset arrangert på Merket. Kursveka er 9.–14. juli.
KVAR ER STRUNKEVEKO?
Strunkeveko blir i 2023 arrangert på Merket i Tisleidalen. Ein kan køyre hit via riksveg 51, frå hallingdalssida via Gol, eller frå valdressida via Leira. Dersom du vil lese meir om Merket kan ein gå til heimsida deira her!
Skal du på Strunkeveko er buss eit godt tips både for komforten og miljøet. Valdresekspressen går til Leira frå Oslo, Fagernes, Beitostølen, Årdalstangen og Sogndal. Du finn oversikt over ulike kollektive reisetilbod frå alle kantar av landet her.
OPPMØTE OG REGISTRERING
Oppmøte er mellom kl. 17 og kl. 19 sundag. Då blir det grilling før lærarkonserten. Når de kjem får de utdelt rom og informasjon.
INNKVARTERING
De bur på to- og tre- og firemannsrom. Mange kjem med ynskje om kven dei vil dele rom med og dette vil me prøve å ta omsyn til, men me kan ikkje garantere at inndelinga blir akkurat slik du ynskjer det. De får vite kven de skal bu med når de kjem på kurset.
Me har nattevakter i kvart av husa. Nattevaktene ser til at alle er på plass og at det er ro i husa på nattestid. Alle deltakarar må sjølve ta med seg sengeklede (dynetrekk, putevar og laken), men det er også høve å leige på Merket. Det er fint om dei vaksne ser til at dette blir lagt på sengene fyrste kvelden.
Dersom du har allergi og må ha særskilt diett, eller det er andre omsyn me skal ta, må du seie ifrå innan 15. juni om du ikkje fekk gjort det i påmeldinga.
UNDERVISNING
I løpet av kursveka får du undervisning både i grupper og individuelt. På dei fleste kursa prøver me å dele inn gruppene etter nivå og alder, dette for å gje alle deltakarane eit best mogleg tilbod. I tillegg blir det høve til å spele til dans fleire gonger i løpet av veka, og alle deltakarane får eit innføringskurs i pardans.
REGLAR
For at me skal ha ei god kursveke, har me nokre reglar som gjeld for alle deltakarane så lenge dei er på Strunkeveko:
- Ein må ikkje forlate Merket sitt område utan lov.
- All bruk av tobakk og alkohol er forbode.
- Alle skal vera på plass på sine eigne rom, og det skal vere stille i alle hus kl. 23.30 (Krullarkro, for dei som er født i 2009 eller før sluttar kl. 01.00)
- Ved brot på reglane risikerar elevane:
– At dei må ligge på rom med ei av nattevaktene.
– At dei må ringe heim og fortelja kva dei har gjort.
– Ved stadige brot/grove regelbrot kan elevane bli heimsende.
BILETE FRÅ STRUNKEVEKO
Me kjem til å ta bilete i løpet av kursveka. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell/trykksaker. Dersom de vil reservere dykk imot dette, må de sende beskjed via e-post i god tid før kursstart, eller fjerne markeringa for at du godtek bruk av foto i påmeldinga.
BADING
Det vil bli organisert bading. Dette vil gå føre seg i grupper, og det vil vere med badevakter. For at elevane skal kunne vere med på badinga, treng me godkjenning frå foreldra. Det blir difor sendt ut «badelapp» i infoen som kjem etter at påmeldinga er avslutta.
COVID-19
Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.