«Ukserauten» – Avslutningsframsyning for Strunkeveko 


«Ukserauten» er avslutningskonserten til Strunkeveko og her kan vi få møte låttar av det meir dyriske slaget. Gled deg til ei kreativ og sprudlande framsyning med nær 100 full-lada ungdomar!

Billetten gir også inngang til arrangementa på museet fredag ettermiddag og kveld.

«Ukserauten»
Haldor Røyne sa denne låtten opphavleg var etter Lars Krøsshaug, Vang.
Ola Grihamar d.e. og andre kalla den «Rødalsuksin», og den høyrer og heime blant langeleiklåttane.

Ingebjørg Lunde fortalte dette segnet om låtten:
Ein gong skulde farmor mi, ho Anne Eltun, uppå hauststølen vår, Øynad'n. Ho gjekk i sine eigne tankar og var komen skilleg burtåt Grind'n. Då fekk ho med ein gong høyre ein uførskammeleg uksebelg. Best det var møtte ho ein ukse, men det var skilleg ein slags ukse, kann du tru! På heile eine sida var han flegen; på hi sida var han heil. Eitt auga var stort som ein børdisk (bord-disk), men hitt var som vanleg. På den flegne sida hadde han hestehøver på føtene. På dei hine føtene var det vanlege klauver. Det var visst noko gale med eine hornet og øyra hans og; men det har eg reint gløymt. Uksen var så stor som ein glup hest. Han sprang um ho Anne so jorddriva stod, og burte var han. Men den underlege belgen hans høyrde ho ei lang stund. Det var ingen vanleg belg, dette. Han forma seg som ein slått, og snart kunne ho Anne tralle han.

 

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 10. juli kl. 14.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Pris: 150 kr