Påmelding til Strunkeveko skjer her via Ticketco. Du kan lesa meir om kursa her.

Kursprisen for 2020 er 3 500 kr og søskenrabatten er på 500 kr. Rabatten gjeld for alle søskena. Søskenmoderasjon: For å bruke søskenrabatten skriv du inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her» og trykker på «bruk kode».
NB: Rabatten skal bli synleg før du har betalt! 

Påmeldingsfristen for 2020 er 1. juni. 

Ein del kurs blir fulle før påmeldingsfristen, og «fyrst til mølla»-prinsippet gjeld. Meld derfor på i god tid! Nokre gonger blir det ledige plassar, eller vi klarar å stokke om på kurskabalen slik at vi får plass til fleire. Dersom kurset du vil på er fullt er det viktig at du likevel melder frå til leiar@strunkeveko.no at du er interessert i å koma på kurs, så gjer vi det vi kan for å få plass til alle.

Det blir sendt ut informasjon som timeplan, pakkeliste etc. når påmeldingsfristen går ut. 

Ditt lokale folkemusikklag eller heimkommunen din kan vera lure stader å søkje om støtte til deltaking på Strunkeveko.