Leik, dans, song og moro for ungar mellom 3–5 år: "Det var ein gong, men her og no!"


Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei minste!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Onsdag 10. juli og torsdag 11. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song, eventyr og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen. Mikrostrunken er gratis og du treng ikkje melde deg på, men ungane må ha med vaksenfølgje. 

Instruktørar i 2024 er: Astri Sudmann og Jan Beitohaugen Granli. 

Astri seier ho ikkje har lyst til å verta vaksen, om ho då må slutte å leike. For Astri elsker å fortelja eventyr og å leike. Kan ein synge eller høyre musikk medan ein leiker i lag, vert det enno kjekkare. 

Åra går,  håra er blitt grå. Astri er blitt vaksen, ja ungane hennar er óg blitt vaksne og har flydd ut av reiret. I huset til Astri er det ingen som vil leike. No gler ho seg berre til å kome på Mikrostrunken 2024, og håper mange små og store vil leike med henne.

Jan er ekspert på hardingfele og kan også spele munnharpe og danse. 

Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken. Oppmøte er på festplassen ved Slidrehuset på museet.

Kursdagar:
Onsdag 10. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 11. juli kl. 11.30–13.00