Strunkeveko 2024 - fele fordjuping


Fordjupingskurs i fele med Jo Einar Jansen


Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på fele for å vera med. 

Instruktør: Jo Einar Jansen!

Jo Einar er en felespelar og songar frå Frosta i Trøndelag, boset i Målselv. Han har levd sitt liv saman med folkemusikken, gjennom familien og spelemannslaget i oppveksten, og utøvande studiar i norsk og nordisk folkemusikk. Han er kjend frå grupper som Moenje og Kartellet, i tillegg til at han spelar mykje solo, både til dans og konsert.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 7. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 3.800 kr