Strunkeveko 2024 - samspelkurs


Samspelkurs med Vegar Vårdal


Strunkeveko vil i 2024 tilby eit kurs i samspel for ulike instrument, det kan vere fele, fløyte, gitar, perkusjon osb. Det er mykje fokusert på samspel og kryssing av sjangerar i dagens folkemusikk, og Strunkeveko ynskjer å gje elevane gode forutsetningar til å vere premissleverandørar her. Kurset vil ha ei nedre aldersgrense på 14 år og ha spelt lenge, som fordjupingskursa.

Vegar Vårdal har ansvaret for «samspelkurset» og har lang erfaring som pedagog og utøvar. I dag jobbar han på Ole Bull Akademiet på Voss, og har her hovudansvaret for samspel med alle studentane. I tillegg har Vegar i mange år arrangert folkemusikk frå heile landet til ulike prosjekt, og eit av dei siste prosjekta var FolkOrg sitt 100-års jubileum i Grieghallen hausten 2023. Han likar ei utfordring, og kan både lære bort på gehør og er det noter som gjeld så fungerer det også heilt fint. Det er ikkje noko problem med ulikt nivå, for Vegar finn nok ei løysning. Er det noko du lurer på så ikkje ver redd for å ta kontakt med oss.

Vegar var i 2020 kåra til Årets Folkemusikar, og fekk også Hilmarprisen. Han har i mange år arrangert folkemusikk i serien «Folkemusikk for unge strykere» på Norsk Musikkforlag. I tillegg har Vegar gitt ut mange plater, og siste plate «Slåtter fra Åseral» viser den spennande nesten gløymde folkemusikktradisjonen øvst i Agder. Vil du høyre arrangeringa og samspelet til Vegar sjekk ut «Breibeint» og «Vor Suplicas», eller kanskje du likar gamaldans – då er «Vandring» med Gjevre; Odde & Vårdal eit album for deg.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 7. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 3.800 kr