Opningskonsert med strunkelærarane


Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram! Velkommen til inspirerande og leikande konsert for heile familien.

Tema på Strunkeveko er i år superheltar! Det er mange superheltar i lokalhistoria og folkemusikken, både i mytar og verkelege personar: Fanteladda, Rotneims-Knut, Jørn Hilme, Berit på Pynte, Kivlemøyane, Fossegrimen, Riddar Brynning, Rande-Ambjør og Guro, for å nemne nokre. Her blir det nok fleire eksempel frå ulike tradisjonar. Så får vi sjå om lærarane kan prestere som superheltar?

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Sundag 10. juli kl. 19.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Pris: 150 kr

Sjokoladekappleik


Velkommen til sjokoladekappleik med elevar frå Strunkeveko! Fokus: Superheltar!

Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade! Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause domarar.

Tema på årets sjokoladekappleik er superheltar! Det er mange superheltar i lokalhistoria og folkemusikken, både i mytar og verkelege personar: Fanteladda, Røtneims-Knut, Jørn Hilme, Berit på Pynte, Kivlemøyane, Fossegrimen, Riddar Brynning, Rande-Ambjør, Guro, for å nemne nokre. Her blir det nok fleire eksempel frå ulike tradisjonar.

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Onsdag 13. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 13. juli kl. 20.30
Stad: Merket, Tisleidalen
Pris: 150 kr

Superheltar 2022 – Avslutningsframsyning for Strunkeveko


Velkommen til avslutningskonserten til Strunkeveko. Gled deg til ei kreativ og sprudlande framsyning med nær 100 full-lada ungdomar!

Tema på Strunkeveko er superheltar! Det er mange superheltar i lokalhistoria og folkemusikken, både i mytar og verkelege personar: Fanteladda, Røtneims-Knut, Jørn Hilme, Berit på Pynte, Kivlemøyane, Fossegrimen, Riddar Brynning, Rande-Ambjør, Guro, for å nemne nokre. Her blir det nok fleire eksempel frå ulike tradisjonar.

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Fredag 15. juli kl. 14.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes
Pris: 150 kr