Strunkeveko 2024 - pardans


Pardanskurs med Tone Ingvaldsen


Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar. 

NB: Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år. 

Instruktør: Tone Ingvaldsen!

Tone er folkedansar frå Bodø i Nordland, busatt i Oslo/Målselv. Ho har dansa nesten heile livet, og det går ikkje ein dag utan at det vert tatt eit dansetrinn eller fleire! Tone dansar i Kartellet, gjer eigne produksjonar og andre prosjekt, og har mykje erfaring med å undervise i dans!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 7. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 3.800 kr