Ministrunken 2024 - hardingfele


KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!



Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp.

Onsdag 10. og torsdag 11. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!

Å vera med på Ministrunken kostar 1.000 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.

Instruktørar: Sindre Tronrud

Sindre Tronrud, frå Fagernes i Valdres, har spelt hardingfele frå han var 7 år. For tida studerar han ved Norges Musikkhøgskule, men er også mykje nytta til kurshalding og som konsertspelemann i både innland og utland. Sindre er også ein aktiv deltakar på kappleik, og har samla fleire topplasseringar frå både regoinale og nasjonale kappleikar. Han har hatt god nytte av fleire gode læremeistarar, deriblandt Jan Beitohaugen Granli, Sivert Holmen og Håkon Høgemo.


NB! Hugs påmeldingsfristen 1. juni kl. 23.59!

Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no

KJØP BILLETT »

Ministrunken
Start: Onsdag 10. juli kl. 10.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 1.000 kr