Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset på Strunkeveko plassen å bli ein betre hallingdansar. Ved sidan av store mengder hallingdans blir det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke.
Lærar: Anita Vika Langødegård!
Anita Vika Langødegård kjem frå Valdres. Ho begynte å danse i kultuskulen då ho var rundt fjorten og dansa etterkvart meir aktivt i Bygda Dansar i Oppland, før ho gjekk på FRIKAR Akademeiet i perioden 2008-2010. Anita har no ein bachelorgrad i Moderne- og samtidsdans med pedagogisk kompetanse frå Norges Dansehøyskole. Anita er utøvande dansar i tillegg til å undervise i samtidsdans og folkedans. Ho har mellom anna dansa i desse sceniske produksjonane: «Skaut» (FRIKAR), «Draumefangaren» (FRIKAR), «Livmødre» (Mamelukk Dansekompani), «Kulkue – Parad» (Outi Markkula, Helsingfors), «Solitude» (Anna Öberg) turné Dansnätt Sverige.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.