Strunkeveko 2026 - pardans fordjuping


Det blir eit variert kurs der ein jobbar med pardansar, men houvudfokuset blir i år på Valdresspringar. Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset. Foto: Anne-Marte Før 

Lærar: Stian Roland og Birgit Haukås

Stian leiar kurset frå sundag til onsdag, på torsdag tar Birgit over staffettpinnen og leier gruppa i mål. 

Stian Roland er folkedansar og folkesongar frå Valdres. Gjennom mange år med danseundervisning, både ved universitetet og ved ulike kurs og samlingar, har han vore ein viktig inspirator og kunnskapsdelar for nye generasjonar dansarar og musikarar. Han er òg hovudlærar i tradisjonskunnskap og folkedans ved USN Rauland.

Birgit Haukås (f.1998) kjem frå Tinn i Telemark, er aktiv dansar og hardingfelespelar, og har bachelor i folkemusikk og master i tradisjonskunst frå Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Birgit er ikkje berre utøvar, men brenn for opplæring og instruksjon av dans og spel. Ho har arbeidd som kulturskolelærar i dans og rådgjevar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff), samt noko undervisning ved USN Rauland. Ho har hatt fleire kurs i dans og spel i inn- og utland.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.100 kr