Ministrunken 2026 - hardingfele


 

KVALITETSKURS FOR DEI MINDRE!

Er du for liten for Strunkeveko? Fortvil ikkje – Ministrunken ventar på deg! Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for to-dagarskurset «Ministrunken» for barn i alderen 6–11 år. Du må melde deg på Ministrunken og alle kurs brukar å bli fylt opp.

Onsdag 9. og torsdag 10. juli under Jørn Hilme-stemnet står song, dans, hardingfele, fele, langeleik og toradar på planen frå kl. 10.00 til kl. 15.00.

Medan dei vaksne kan oppleva museet, gå på kurs på Hilme-stemnet eller utforske Valdres på eiga hand, er dei trivelege stovene på museet kursarena for Ministrunken. I tillegg til læring er det fleire fellesøkter med leik og moro utandørs på museumsområdet.

Torsdag får Ministrunkane sjølve halde konsert. Her får dei høve til å vise fram kva dei har lært på kurset – ein verkeleg publikumsvinnar!

Å vera med på Ministrunken kostar 1.100 kr, noko som inkluderer mat, instruksjon og konsertar.

Instruktør: Ane Stakston Aasen og Erlend Viken!

Ane Stakston Aasen kjem frå Ringsaker i Innlandet. Ho studerar utøvande folkemusikk på fele og hardingfele ved Ole Bull Akademiet, og har musikalske røter både i Gudbrandsdalen og på Hedmarken. Ane likar også å  komponere musikk for ulike ensembler, og er fast medlem i folkemusikkgruppa Skrot.

Erlend Viken er lærar på kurset. Han er frå Oppdal og begynte å spille fele som 6-åring, og det var faren, Erik Sverre, som var den første læremeistaren. Det er tradisjonsmusikk frå Oppdal som er Erlends kjernerepertoar, men han har også jobba mykje med andre fele- og hardingfeletradisjonar. Erlend er fulltids musikar og spelar/har spelt med fleire av Norges største artistar innan rock, hip hop, jazz og folkemusikk. Hovudprosjektet hans er Erlend Viken Trio. Foto av Erlend: Kai Hansen.

NB! Hugs påmeldingsfristen 8. juni kl. 23.59!

Om du som foresatt kunne tenkje deg å bidra med hjelp til matservering eller anna frivillig arbeid rundt Ministrunken eller Strunkeveko send oss gjerne ein mail til post@strunkeveko.no

KJØP BILLETT »

Ministrunken
Start: Onsdag 9. juli kl. 10.00
Slutt: Torsdag 10. juli kl. 15.00
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Pris: 1.100