Velkommen til sjokoladekappleik med elevar frå Strunkeveko!
Kappleik høyrer med på sommarkurset Strunkeveko, men også sjokolade! Sjokoladekappleiken har kvart år ulike tema, her er det meste lov, og både elevar og lærarar let kreativiteten blomstre vilt. Her legg ein opp til fritt spelerom, og det er berre å glede seg til alle sprella som vil dukke opp. Kven har årets artigaste innslag, og kven vinn prisen for beste kostyme? Kven har X-faktoren? Eit høgdepunkt med kreative innslag og rause domarar.
Tema på Strunkeveko i år er knytt til namn på ulike felestille frå Valdres.
Den vanlegaste måten å stille fela på i dag er oppstemt og låg bass, det er desse to felestille ein høyrer mest på konsertar, kappleikar og til dans. Kjeldemateriale viser at fleire felestiller vart brukt meir før. Vi kan lese at «Gamle-Hagen», frå Myrkdalen i Vossestrand, spela på i alt 24 felestille. Jørn Hilme, frå Valdres, var hakk i hel med heile 21 felestille. Valdres er ein av tradisjonsområda der ein framleis spelar mange slåttar på andre felestiller. Her er det slåttar på felestiller som halvgrått, grålysing, ljøsblått, gønt m.m. Slåttane på halvgrått blir spelt utpå natta mens det byrjar lysne, deretter kjem slåttane på grålysing i grålysinga. På morgonkvisten treng ein gjerne litt ekstra kveik, og då stiller ein fela om på ljøsblått.
Deltakarane på konsertane på Strunkeveko i år vil altså la seg inspirere av desse felestilla, og namna på dei.
Det blir ein hælvgrå lærarkonsert, sjokoladekappleik i grålysing og avslutningskonserten ljøsblått.