Lærarkonserten 2026


Strunkeveko har dei beste lærarane, og desse må få vise seg fram! Strunkeveko har utvikla seg til å bli det største sommarkurset i folkemusikk og folkedans med nær 100 elevar kvart år. På Strunkeveko får elevane kunnig kursing av dei beste lærarane, og ikkje minst får dei venskap som varar livet ut, i eit stort og triveleg folkemusikkmiljø. I tillegg til at lærarane er gode, er dei ofte unge. Fleire av dei er profesjonelle utøvarar som har pedagogisk erfaring som instruktørar. Mange kan òg vise til sigrar frå Landskappleiken og Landsfestivalen.

 

Velkommen til inspirerande og leikande konsert for heile familien.

Årets strunkelærarar Gard Nergaard, Vegard Hansen, Silja Lid Strysse, Kristoffer Kleiveland, Ingebjørg Hegge Bratrud, Gøril Ramo Håve, Ingeborg Lognvik Reinholdt, Laura Ellestad, Sindre Tronrud, Åsmund Farstad, Astri Garmo, Thea Myrjord Norheim, Stian Roland, Anita Vika Langødegaard, Ulf-Arne Johannessen og Eivind Tanche-Larsen Knutsen byr på ein triveleg konsert med låge akslar og glimt i auget! 

Konsertar
Start: Sundag 5. juli kl. 19.30
Slutt: Sundag 5. juli kl. 20.30
Stad: Merket, Tisleidalen