Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper. For å vera med på toradar bør du ha spelt i minst to år.
Lærar: Silja Lid Strysse!
Silja Lid Strysse (f. 2005), kjem frå Kongsberg og er ein ung toraderutøvar med solid forankring i gammaldans- og slåttetradisjonane. Silja har fleire topplasseringar frå både Landskappleiken og Landsfestivalen, og er kjend for eit energisk, presist og stilmedvitent spel som viser både teknisk ferdigheit og ei djup forståing for tradisjonsmusikken. Ho studerer no utøvande tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss, der ho vidareutviklar spelet sitt under leiing av nokre av landets fremste folkemusikarar. I 2025 vart ho tildelt eit prestisjefylt stipend frå Sammenslåingsstiftelsen, som eit av landets mest lovande unge talent innan musikk.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.