Strunkeveko 2026 - pardans fordjuping


Det blir eit variertkurs der ein jobbar med pardansar, men houvudfokuset blir Valdresspringar. Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset. Foto: Anne-Marte Før 

Lærar: Stian Roland og Birgit Haukås

Stian leiar kurset frå sundag til onsdag, på torsdag tar Birgit over staffettpinnen og leier gruppa i mål. 

Birgit (f.1998) kjem frå Tinn i Telemark, og har sidan 2014 vore aktiv innan folkedans og hardingfelespel. Som ivrig kappleiksdeltakar har ho oppnådd gode resultat, og i 2024 vart ho A-klassedansar. Birgit er ikkje berre utøvar, men brenn for opplæring og instruksjon av dans og spel. Ho har bakgrunn som kulturskolelærar i dans, og hatt fleire kurs i dans og spel i inn- og utland, deriblant medverkande i DKS i skulen og fleire turar til USA. Birgit har studert bachelor i folkemusikk og master i tradisjonskunst, ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Ho jobbar no på Norsk senter for folkemusikk og folkdans. 

 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.100 kr