Strunkeveko 2026 - langeleik


I år er Ingebjørg Hegge Bratrud lærar. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Ingebjørg Hegge Bratrud!

Ingebjørg Hegge Bratrud er lærar på langeleik! Ho er 25 år og har spelt langeleik så lenge ho kan hugse. Ho voks opp i Aurdal i Valdres, og meiner ho har vore heldig som har hatt eit rikt langeleik- og folkemusikkmiljø rundt seg gjennom oppveksten. - Dei siste fem åra har eg vore heldig å få vera med folkemusikkgjengen på Gjøvik. No gler eg meg igjen til å ta turen til Merket og halde kurs! sier Ingebjørg.

 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.100 kr