Strunkeveko 2026 - hardingfele fordjuping


Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. 

Lærar: Sindre Tronrud!

Sindre Tronrud, frå Fagernes i Valdres, har spelt hardingfele frå han var 7 år. For tida studerar han ved Norges Musikkhøgskule, men er også mykje nytta til kurshalding og som konsertspelemann i både innland og utland. Sindre er også ein aktiv deltakar på kappleik, og har samla fleire topplasseringar frå både regoinale og nasjonale kappleikar. Han har hatt god nytte av fleire gode læremeistarar, deriblandt Jan Beitohaugen Granli, Sivert Holmen og Håkon Høgemo. No gler han seg til å dele låttar og erfaringar med årets strunke-hardingfelespelarar! 

Kan hende får du også nokre timar med Laura Ellestad i løpet av veka, for dei to lærarane på hardingfele, Sindre og Laura, kjem til å samarbeide.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs. 

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.100 kr