Strunkeveko 2026 - hardingfele


Kurset har fokus på låttelære, men du får også gode tips til vidare utvikling som hardingfelespelar. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på hardingfele bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Laura Ellestad!

Laura Ellestad (f. 1982) er kanadisk-norsk hardingfelespelar, forskar og pedagog busett på Rauland. Ho er kjend for si utøvande verksemd både som solist og i ensemble, og for sitt omfattande arbeid med norsk og norsk-amerikansk folkemusikk. Ho debuterte med soloalbumet Valdresspel i Amerika i 2014, som vart nominert til både Spellemannprisen og Folkelarmprisen. I tillegg til å vera aktiv spelemann er ho førsteamanuensis ved Universitetet i Sørøst-Norge, der ho underviser, forskar og koordinerer studium innan folkemusikk.
Kan hende får du også nokre timar med Sindre Tronrud i løpet av veka, for dei to lærarane på hardingfele, Laura og Sindre, kjem til å samarbeide.
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding. Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.100 kr