Strunkeveko 2025 - toradar


Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper. For å vera med på toradar bør du ha spelt i minst to år. 

Lærar: Amalie Kinsarvik Tvilde!

Amalie Kinsarvik Tvilde (f. 1999) kjem frå Kinsarvik i Hardanger. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen. Som durspelar har ho allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområder. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og det sine moglegheiter. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda som har stått i størst fokus. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte. Amalie har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipend, Drømmestipendet og Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest

 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr