Strunkeveko 2025 - Samspelkurs u15


Vi fortsett i år med samspelkurs for dei under 15 år, eit godt alternativ for dei som har andre instrument enn dei vi allereie har eit kurstilbud for og for dei som ønskjer å lære meir om samspel. 

Kurshaldar: Vegard Hansen!

Vegard er utdanna ved Ole Bull Akademiet med trekkspel som hovudinstrument, men spelar også toradar og kontrabass. I tillegg har han lang erfaring frå ulike grupper og band.

For å vera med på dette kurset må du beherske instrumentet ditt godt og kunne ta ting på gehør. Dette blir eit kurs der deltakarane har ulike instrument. Instruktøren kan nødvendigvis ikkje instrumentet ditt, men kan laga arrangement og vil lære bort melodiar og komp. Dette blir eit spennande kurs som blir forma litt etter kven som er med og kva slags instrument dei ulike deltakarane har med seg. Foto: Ian Annevik

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000