Strunkeveko vil også i 2025 tilby eit kurs i samspel for ulike instrument, det kan vere fele, fløyte, gitar, perkusjon osv. Det er mykje fokusert på samspel og kryssing av sjangerar i dagens folkemusikk, og Strunkeveko ynskjer å gje elevane gode forutsetningar til å vere premissleverandørar her. Kurset vil ha ei nedre aldersgrense på 14 år og ha spelt lenge, som fordjupingskursa. Me har også eit samspelkurs for dei under 14. Er du 14 år kan du velje kva for kurs du vil vera med på.
Lærar: Erlend Viken!
Erlend Viken er frå Oppdal. Han begynte å spille fele som 6-åring, og det var faren, Erik Sverre, som var den første læremeisteren. Det er tradisjonsmusikk frå Oppdal som er Erlends kjernerepertoar, men han har også jobba mykje med andre fele- og hardingfeletradisjonar. Erlend er fulltids musikar og spelar/har spelt med fleire av Norges største artistar innan rock, hip hop, jazz og folkemusikk.
Hovudprosjektet hans er Erlend Viken Trio.
Søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.