Strunkeveko 2025 - langeleik


Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har vi fått tak i Andra Søgnen frå Hallingdal til å ha kurset, ein ung super utøvar med variert repertoar. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Andrea Søgnen!

Andrea er 23 år, og er ein av landets fremste langeleikutøvere med repertoar fra Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på klangmoglegheitene, grooven og strøkbruken til langeleiken banar den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet. Hennar store interesse for overføring av låttar fra hardingfele og kveding, og dessutan vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å vera soloutøvar, blir ho hyppig brukt til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans. Andrea er den første med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovedinstrument, ei grad ho fullførte ved USN, campus Rauland i 2023. Foto: Ole Johs. Brye

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Laurdag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr