Kurset har fokus på låttelære, men du får også gode tips til vidare utvikling som hardingfelespelar. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.
For å vera med på hardingfele bør du ha spelt i minst to år.
Lærar: Åsmund Fauske Jøtun!
Åsmund har spelt hardingfele sidan han var 9 år gamal. Han byrja å spele med læremeisteren Øyvind Brabandt og har òg lært av fleire trafisjonsutøvarar frå Hallingdal i løpet av si spelkarriere. Han har undervist unge på hardingfele på diverse borne og ungdomssamlingar, og jobbar til vanleg som borneskulelærar. Foto: Anders Lillebo
Åsmund gler seg veldig til å ta i mot og bli kjent med spelelystne born og ungdommar på årets strunkeveko!
Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.
Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.
Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.