Strunkeveko 2025 - fele


Fem dagar med undervisning i fele! Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.

For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Trygve Liahagen!

Trygve Liahagen (f. 2001) frå Ottestad er felespelar, og ein allsidig musikar som i tillegg til  solo-utøving, spelar i fleire band, ensemble og jobbar med komposisjon. Han spelar alt frå slåttemusikk til meir rytmisk og improvisert musikk som ofte tar inspirasjon frå folkemusikken. Trygve vann Fele klasse B på Landskappleiken i både 2022 og 2023, og han vart tildelt Øivind Berghs Minnepris (2023), der han kvitterte for prisen ved å vera solist med Kringkastingsorkesteret (KORK). Og i to år no har han fått tittelen «Hilmartalentet 2024-2026», plukka ut av Stiftelsen Hilmar Alexandersen.

 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr