Velkomen til Strunkehelg på Merket 16.–18. januar 2026.
Inga Beth Uppstad kjem frå Valle i Setesdal og vil ha hovudfokus på setesdalsgangar dennne helga. Så her kan de alle bli betre kjent med danseforma, turane og musikken, hente tips og triks og sjå fram mot Landskappleiken på Hovden i juli.
Det blir også kurs halling, hardingfele, fele, torader, song, langeleik og munnharpe.
Aldersgrense 11–20 år.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding.