Velkommen til Strunkehelg på Merket 16.–18. januar 2026.
Sivert Holmen (f. 1992) frå Valdres er lærar på hardingfele. Han er ein utøvande og skapande musikar på hardingfele og hardangerd’amore. I musikken hans møter slåttespel impulsar frå improvisert musikk, kunstmusikk og moderne komposisjonsmusikk. Holmen har vunne Fanitulltevlinga (2022) og har fleire topplasseringar på landskappleiken. Han har også mottatt Øivind Berghs minnepris (2017), er vinnar av Fureprisen (2016), og vart kåra til årets unge folkemusikar (2015, med Bjørn Kåre Odde), samt har vore nominert til Folkelarmprisen fleire gonger. Sivert er mellom anna med i prosjekta Odde & Holmen og Óme, og har hatt musikken på framsyningar som Bill.mrk: Heil ved, Dei gamle er eldst og Spelejenta og gjort konsert i inn- og utland gjennom både samspels- og soloprosjekt. Han tok utøvande master med musikkforsking ved Norges musikkhøgskole i 2023, kor han fordjupa seg i lydarlæte, klangnyansar og tonekvalitet på hardingfele. Foto av Sivert: Anne-Marte Før
Det blir også kurs i pardans, halling, fele, torader, song, langeleik og munnharpe.
Aldersgrense 11–20 år.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatorike spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding.