Velkomen til Strunkehelg på Merket 16.–18. januar 2026.
Bjørnar Blaavarp Heimdal er instruktør på hallingskurset. Han er ein engasjert og erfaren dansar og lærar og ein viktig tradisjonsbærar av folkemusikken og folkedansen i Numedal. I 2022 vart han norgesmeister i halling. Han har jobba mykje med dansekompania Frikar og Kartellet, og har også vore tilknytta Marispelet på Rjukan og Peer Gynt-spelet på Gålå. Han har turnert mye i både inn- og utland, blant annet USA, Tyskland, Russland, Finland, Sverige og Storbritannia. Bjørnar var prosjektmedarbeider på «Bygda Dansar» sitt prosjekt i Telemark 2013 - 2016. Bjørnar driver også opplæring i kulturskolen, både i folkedans og på hardingfele. Foto: Runhild Heggem
Det blir også kurs i pardans, hardingfele, fele, torader, song, langeleik og munnharpe.
Aldersgrense 11–20 år.
Vi gjer merksame på at de må svare på nokre obligatoriske spørsmål (namn, fødselsår og deling av foto/film), og nokre frivillige spørsmål (romønskje, allergi/diett) ved påmelding.