Strunkeveko 2025 - halling fordjuping

Ta hallingen til nye høgder! Nivået på hallingdansen i Noreg er på veg godt oppunder taket. Strunkeveko tek konsekvensen av dette og tilbyr kurs for den som verkeleg byrjar å få taket på både kast og takt. Fordjupingskurset i halling er for deg som har kome verkeleg langt som dansar, og kurset krev at deltakaren held høgt nivå. Fokuset på kurset er å utvikle seg som dansar og jobbe med eit personleg uttrykk.

Du lyt vera over fjorten år og ha ei interesse for både dansen og teknikken bak. Har du det, lovar vi store mengder inspirasjon og danseglede i løpet av desse dagane i Valdres.

Lærar: Vetle Springgard!

Vetle Springgard er folkedansar og scenekunstnar med ein master i koreografi ved Kunsthøgskolen i Oslo. I duoen Døgeniktene, eit samarbeid med Ådne Geicke Kolbjørnshus, har Vetle laga fleire førestillingar, og han har arbeidd i folkedanskompania Kartellet og FRIKAR.

- Eg ser fram til å leike og leite i dansen saman med dyktig ungdom. Og eg gler meg til å ha det gøy og finne på ting som ikkje står på programmet! seier Vetle. Foto: Thor Hauknes

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Laurdag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - hardingfele

Kurset har fokus på låttelære, men du får også gode tips til vidare utvikling som hardingfelespelar. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på hardingfele bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Åsmund Fauske Jøtun!

Åsmund har spelt hardingfele sidan han var 9 år gamal. Han byrja å spele med læremeisteren Øyvind Brabandt og har òg lært av fleire trafisjonsutøvarar frå Hallingdal i løpet av si spelkarriere. Han har undervist unge på hardingfele på diverse borne og ungdomssamlingar, og jobbar til vanleg som borneskulelærar. Foto: Anders Lillebo

Åsmund gler seg veldig til å ta i mot og bli kjent med  spelelystne born og ungdommar på årets strunkeveko! 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Laurdag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - langeleik

I år er Andra Søgnen frå Hallingdal ein av lærarane på kurset, ein ung super utøvar med variert repertoar. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Andrea Søgnen og Ingrid Lingaas Fossum!

Dei to lærarane på langeleik samarbeider tett, så alle som deltar på langeleik får undervisning med både Ingrid og Andrea!

 Andrea er 23 år, og er ein av landets fremste langeleikutøvere med repertoar fra Hallingdal, Valdres og Telemark. Med fokus på klangmoglegheitene, grooven og strøkbruken til langeleiken banar den særeigne spelestilen hennar veg for nye uttrykk innanfor langeleikspelet. Hennar store interesse for overføring av låttar fra hardingfele og kveding, og dessutan vidareføring av dei eldste notenedskriftene på langeleik, gjer Andrea sitt repertoar unikt. I tillegg til å vera soloutøvar, blir ho hyppig brukt til dansespel og til undervisning i både langeleik og folkedans. Andrea er den første med bachelor i Folkemusikk med langeleik som hovedinstrument, ei grad ho fullførte ved USN, campus Rauland i 2023. Foto: Ole Johs. Brye

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Laurdag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - fele

Fem dagar med undervisning i fele! Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.

For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.

Lærar: Trygve Liahagen!

Trygve Liahagen (f. 2001) frå Ottestad er felespelar, og ein allsidig musikar som i tillegg til  solo-utøving, spelar i fleire band, ensemble og jobbar med komposisjon. Han spelar alt frå slåttemusikk til meir rytmisk og improvisert musikk som ofte tar inspirasjon frå folkemusikken. Trygve vann Fele klasse B på Landskappleiken i både 2022 og 2023, og han vart tildelt Øivind Berghs Minnepris (2023), der han kvitterte for prisen ved å vera solist med Kringkastingsorkesteret (KORK). Og i to år no har han fått tittelen «Hilmartalentet 2024-2026», plukka ut av Stiftelsen Hilmar Alexandersen.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - fele fordjuping

Er du klar for å ta felespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på fele for å vera med. 

Lærar: Bjørn Kåre Odde!

Bjørn Kåre Odde (f. 1990) frå Vågå spelar fele og bratsj. Han har vore lærar på Strunkeveko mange gongar, sist gong i 2022. Bjørn Kåre spelar alt frå springleikar til klassiske fiolinstykke, men det er kanskje runddansmusikken (gammaldans) som ligg hjarta hans nærast. Han spelar i dei populære gammaldansorkestra Lendmenn og Madam Jam! Bjørn Kåre er også sjef i plateselskapet Melovitten saman med kona Solveig, som også er lærar på Strunkeveko i år. Er dei her for å speide etter framtidige artistar i Melovitten tru?  Foto: Stine Østby

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - halling

Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset på Strunkeveko plassen å bli ein betre hallingdansar. Ved sidan av store mengder hallingdans blir det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke. 

Lærar: Vilde Westeng!

Vilde 23 år og er frå Gransherad i Telemark, og byrja å danse som 9-åring. Ho dansar både bygdedans, runddans og halling, og har sidan 2015 vore aktiv utøvar både på kappleik, som instruktør og mykje anna. I 2023 valde ho å fordjupa seg i hallingdans gjennom si bacheloroppgåve ved Universitetet i Sørøst-Norge, Campus Rauland, og under Landskappleiken 2024 rykka ho opp i A-klassen i halling!

- Eg gler med veldig til Strunkeveko og håper eg har eitt og anna krumspring å lære bort! seier Vilde.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - hardingfele fordjuping

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. 

Lærar: Alexander Aga Røynstrand!

Foto: Ole Johs. Brye

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - langeleik fordjuping

Er du klar for å ta langeleikspelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på langeleik for å vera med. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

Lærar: Ingrid Lingaas Fossum og Andrea Søgnen!

Dei to lærarane på langeleik samarbeider tett, så alle som deltar på langeleik får undervisning med både Ingrid og Andrea!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - pardans

Pardanskurset er for deg som vil danse mykje! Kurset vil fokusere på innlæring av ulike bygde- og runddansar. I tillegg til å lære mange dansar får du lære om danseteknikk og haldning i dans. Her blir det tips og råd, enten du vil gjera deg klar for kappleik, eller vil sveitte deg i hel på dansekveldar. 

NB: Vi har også pardans fordjuping for dei over 14 år. 

Lærar: Birgit Haukås!

Birgit (f.1998) kjem frå Tinn i Telemark, og har sidan 2014 vore aktiv innan folkedans og hardingfelespel. Som ivrig kappleiksdeltakar har ho oppnådd gode resultat, og i 2024 vart ho A-klassedansar. Birgit er ikkje berre utøvar, men brenn for opplæring og instruksjon av dans og spel. Ho har bakgrunn som kulturskolelærar i dans, og hatt fleire kurs i dans og spel i inn- og utland, deriblant medvirkande i DKS i skulen og fleire turar til USA. Birgit har studert bachelor i folkemusikk og master i tradisjonskunst, i tillegg til eit årsstudium i instrumentmaking ved Universitetet i Sørøst-Norge, campus Rauland. Foto: Runhild Heggem (Birgit dansar med Knut Boksasp Berge)

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - pardans fordjuping

Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.

Lærar: Solveig Brekke Hauknes!

Solveig Brekke Hauknes (f. 1993) kjem frå Bærum og bur no i Vågå i Gudbrandsdalen. Til dagleg arbeider Solveig som kulturrådgjevar for folkemusikk og folkedans i Noregs Ungdomslag og som produsent og prosjektleiar i musikkproduksjonsselskapet Melovitten. Ho arrangerer også fleire festivalar og konsertar.

Solveig er ein engasjert folkedansar og instruktør, som har dansa og spelt fele/hardingfele stort sett heile livet. Ho deltok sjølv på Strunkeveko som ungdom. Solveig har eit brennande engasjement for folkedansen og folkemusikken, og elskar å få nerde dans i lag med andre. Ho er spesielt glad i runddans og pols, men har eit breidt fagområde som ho underviser i og synes det er spennande å utforske nye dansetradisjonar. Solveig har helde ei rekkje kurs for nybyrjarar og godt erfarne dansarar og for både unge og eldre. Ho gler seg stort til å halde pardanskurs på Strunkeveko til sommaren! Foto: Thor Hauknes

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - samspelkurs

Strunkeveko vil også i 2025 tilby eit kurs i samspel for ulike instrument, det kan vere fele, fløyte, gitar, perkusjon osv. Det er mykje fokusert på samspel og kryssing av sjangerar i dagens folkemusikk, og Strunkeveko ynskjer å gje elevane gode forutsetningar til å vere premissleverandørar her. Kurset vil ha ei nedre aldersgrense på 14 år og ha spelt lenge, som fordjupingskursa. Me har også eit samspelkurs for dei under 14. Er du 14 år kan du velje kva for kurs du vil vera med på. 

Lærar: Erlend Viken!

Erlend Viken er frå Oppdal. Han begynte å spille fele som 6-åring, og det var faren, Erik Sverre, som var den første læremeisteren. Det er tradisjonsmusikk frå Oppdal som er Erlends kjernerepertoar, men han har også jobba mykje med andre fele- og hardingfeletradisjonar. Erlend er fulltids musikar og spelar/har spelt med fleire av Norges største artistar innan rock, hip hop, jazz og folkemusikk.

Hovudprosjektet hans er Erlend Viken Trio.

Søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført.

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - songkurs

Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. 

Lærar: Vera Sonne!

Vera Sonne er songar og låtskrivar frå Oslo. I sitt virke arbeider ho med tekstformidling, humor og improvisasjon innan fleire sjangre. Ho har si utdanning frå Norges Musikkhøgskole med fokus på folkemusikk, improvisert musikk og låtskriving. Som folkesongar har ho jobba med alt frå Telemark til Oslo-repertoar, med fokus på tralling og gode melodiar.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - toradar

Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper. For å vera med på toradar bør du ha spelt i minst to år. 

Lærar: Amalie Kinsarvik Tvilde!

Amalie Kinsarvik Tvilde (f. 1999) kjem frå Kinsarvik i Hardanger. Ho har utdanna seg ved Norges musikkhøgskole, og vart då den fyrste durspelaren som har blitt uteksaminert ved høgskulen. Som durspelar har ho allereie frå ung alder blitt introdusert for fleire ulike tradisjonsområder. Det har gjort at ho heile tida har hatt fokus på instrumentet, og det sine moglegheiter. Hardanger, Voss og Helgeland er dei tradisjonsområda som har stått i størst fokus. Repertoaret spenner seg frå bygdespel, runddans, dansemusikk, lydarslåttar og nykomponerte låtar for durspel, som utfordrar forskjellige sider av instrumentet. Alt på ein frisk, nyskapande og virtuos måte. Amalie har vunne fleire forskjellige prisar, mellom anna Vestland fylkeskommunes folkemusikkstipend, Drømmestipendet og Årets Stjerneskot på Hardanger musikkfest

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med post@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Torsdag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - toradar fordjuping

Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på toradar fordjuping må du vere over fjorten år og ha spelt lenge.

Lærar: Håvard Ims!

Håvard er 42 år, har spelt toradar sidan han var 9 år gammal og bur i Sandnes der han er oppvaksen. I det daglege jobbar han som fastlege. Som ungdom var han med på å starte folkemusikkgruppa Geitungen som spelte i lag og hadde mange konsertar og nokre turnear i både inn- og utland, i omlag femten år 15år . Musikken var stort sett tradisjonsmusikk frå Rogaland. Geitungen har gjeve ut to plater; “Bra kast” (2005) og “Langt ute” (2010).

Det å spele saman med andre instrument er han har mykje då spesielt felespelarar, noko han likar godt. 

Håvard har vunne noregsmeisterskap på durspel (NTL NM), og durspelklassa på Landskappleiken i 2007. Han har vore instruktør i nokre toradargrupper i periodar og vore lærar på ein del kurs. 

Han har aldri før vore på Strunkeveko, så det gler han seg masse til!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Når du har meldt deg på kurset vil du få meir info på e-post seinast 15. juni.

Kjøpt kurs blir normalt ikkje refundert, men ta kontakt med leiar@strunkeveko.no dersom noko heilt spesielt skulle oppstå som forhindrar ein i å kome på kurs.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 6. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 11. juli kl. 15.00
Stad: Merket
Pris: 4.000 kr

Strunkeveko 2025 - Samspelkurs u15

Vi fortsett i år med samspelkurs for dei under 15 år, eit godt alternativ for dei som har andre instrument enn dei vi allereie har eit kurstilbud for og for dei som ønskjer å lære meir om samspel. 

Kurshaldar: Vegard Hansen!

Vegard er utdanna ved Ole Bull Akademiet med trekkspel som hovudinstrument, men spelar også toradar og kontrabass. I tillegg har han lang erfaring frå ulike grupper og band.

For å vera med på dette kurset må du beherske instrumentet ditt godt og kunne ta ting på gehør. Dette blir eit kurs der deltakarane har ulike instrument. Instruktøren kan nødvendigvis ikkje instrumentet ditt, men kan laga arrangement og vil lære bort melodiar og komp. Dette blir eit spennande kurs som blir forma litt etter kven som er med og kva slags instrument dei ulike deltakarane har med seg. Foto: Ian Annevik

Pris: 4.000