Leik, dans, song og moro for ungar mellom 3–5 år: "Det var ein gong, men her og no!"


Ikkje gamal nok til Ministrunken? Fortvil ikkje! Mikrostrunken er eit todagarskurs for dei minste!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Onsdag 9. juli og torsdag 10. juli frå kl. 11.30 til 13.00 står folkemusikalsk leik, dans, song, eventyr og moro på timeplanen for ungar i alderen 3 til 5 år. Dyktige instruktørar gjev ungane eit flott møte med folkemusikken og folkedansen. Mikrostrunken er gratis og du treng ikkje melde deg på, men ungane må ha med vaksenfølgje. 

Instruktørar i 2025 er Martin Myhr og Margit Myhr!

- Vi skal dansa, leike og synge.  Kanskje blir det nokon spennande eventyr? Og sjølvsagt skal vi sparke hatten!, seier Martin og Margit.

Valdres Folkemuseum er arena for Mikrostrunken. Oppmøte er på på grasbakken ved Jonshegge - rett innanfor inngangen til museet.

Kursdagar:

Kursdagar:
Onsdag 9. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 10. juli kl. 11.30–13.00