Toradar


Strunkeveko toradarkurs med Kristoffer Kleiveland

Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på toradar bør du ha spelt i minst to år. 

Kristoffer Kleiveland vaks opp i eit sterkt folkemusikkmiljø på Osterøy, der både dans og musikk prega kvardagen. Seinare har han studert utøvande folkemusikk på Ole Bull Akademiet. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger, og driv med opplæring i durspel og har kurs og konsertverksemd i inn- og utland.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr