Toradar fordjuping. NYTT KURS!


Torader fordjuping med Kristoffer Kleiveland

Meld deg på toradarkurs fyllt med nye låttar, teknikkundervisning og dansespel. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på toradar fordjuping må du vere over fjorten år og ha spelt lenge.

Kristoffer Kleiveland vaks opp i eit sterkt folkemusikkmiljø på Osterøy, der både dans og musikk prega kvardagen. Seinare har han studert utøvande folkemusikk på Ole Bull Akademiet. Han har vunne Landskappleiken fleire gonger, og driv med opplæring i durspel og har kurs og konsertverksemd i inn- og utland.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr