Strunkehelg 14–18 år


Endelig kan vi få til kurs att :–)
Det blir kurs i hardingfele, fele, toradar, song, langeleik, halling og pardans. Og produksjonskurs for deg over 16.

6.–8. november
Aldersgruppe 14–18 år

Meld deg på til e-post: leiar@strunkeveko.no
Her gjeld fyrstemann til mølla.
Skriv namn, årstal du er født, kva du melder deg på i og eventuelle matallergiar i påmeldinga.

Vi vil følge smittevernsreglar frå FHI.
Hugs du kan kun kome på kurs om du er frisk.


Lærarar på kursa 6.–8. november:

Hardingfele: Helga Myhr og Jan Beitohaugen Granli
Fele: Rasmus Kjorstad
Langeleik: Ingrid Lingaas Fossum
Toradar: Kristoffer Kleiveland
Song: Mari Midtli
Halling: Martin Myhr
Pardans: Stian Roland

Produksjonskurs: Ådne Geicke Kolbjørnshus, Silje Onstad Hålien, Andreas Skeie Ljones (aldersgrense 16 år)

Timeplan

Fredag:

18:00 Velkomen! Deltakarane får tildelt rom.

19:00 Deltakarane blir delt inn i grupper og får litt undervisning før kveldsmat

21:00 Kveldsmat, lærarkonsert og dans

Laurdag:

09:00 Bisk

10:00 Undervisning

13:00 Dugurd

14:30 Fellesdans eller andre aktivitetar

16:00 Undervisning

18:00 Nons

20:00 Dansefest

Sundag:

09:00 Bisk

10:00 Gruppearbeid

13:00 Dugurd

14:00 Pakke ut av romma og gjere seg klar til konsert

15:00 Konsert for å syne fram det gruppene har jobba med, foreldre og andre er velkomne til å høyre/sjå på.  

16:00 Avreise

 

 

Kurs
Start: Fredag 6. november kl. 18.00
Slutt: Sundag 8. november kl. 16.00
Stad: Merket, Tisleidalen
Pris: 1 500 kr