Song


Songkurs med Camilla Granlien

Folkesong er eit vidt begrep, og på songkurset får du med deg repertoar frå ulike tider og stiler frå folkesongen si historie. Undervisninga blir tilpassa alder og nivå, så langt det lar seg gjere og du vil få undervisning både individuelt og i gruppe. 

Camilla Granlien (f. 1974) er utdanna folkesangar med ein master i tradisjonskunst fra Universitetet i Sørøst-Norge. Ho har jobba som frilans songer i snart 20 år med mange konserter i regi av m.a. Den kulturelle skulesekken, barnehagekonsertar, Spaserstokk-konsertar og ulike festivaler. I tillegg held ho konsertar med band og prosjekter og likar godt å bruke folkesongen i møte med andre sjangrar og musikarar. Camilla har undervist m.a. ved folkemusikklinja på Vinstra vidaregåande skule og Ole Bull akademiet.

NB: Vi har og song fordjuping for dei over 14 år.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

 

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr