Samspel. NYTT KURS!


Samspelkurs med Vegar Vårdal

Strunkeveko vil i 2023 tilby eit kurs i samspel for ulike instrument, det kan vere fele, fløyte, gitar, perkusjon osb. Det er mykje fokusert på samspel og kryssing av sjangerar i dagens folkemusikk, og Strunkeveko ynskjer å gje elevane gode forutsetningar til å vere premissleverandørar her. Kurset vil ha ei nedre aldersgrense på 14 år, som fordjupingskursa.


Vegar er ein erfaren pedagog, og reiser mykje rundt med mange ulike prosjekt - anten som musikar, pedagog, dansar, arrangør eller komponist. Han er lærar for FolkLeiarUng - prosjekt for dei unge talentene i FolkOrg, og har ansvaret for samspel på Ole Bull Akademiet. Vegar lever av å arrangere og komponere, og skal denne hausten levere to bestillingsverk til to store folkemusikkprosjekt. Han gler seg masse til å møta dykk, og håpar at de saman kan lage superbra musikk, anten det er gamaldans, springar, lyarslåttar eller ei moderne vise. Du skal få tips til korleis du kan gjere dette sjølv, og du kan utfordre Vegar til å få gjennom samspeldraumen.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500,- og du skriv då inn rabattkoda "Søskenpris" i feltet som sier: "Hvis du har en promo-kode, legg den inn her". NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr