Pardans fordjuping


Kurs i pardans fordjuping med Solveig Brekke Hauknes

Kurset er for dei over 14 år, og du bør ha dansa ein god del for å vera med på kurset.

Det blir eit variert kurs med fokus på ulike pardansar. 

Solveig Brekke Hauknes (f. 1993) kjem frå Bærum og bur no i Vågå i Gudbrandsdalen. Til dagleg arbeider Solveig som kulturrådgjevar for folkemusikk og folkedans i Noregs Ungdomslag og som produsent og prosjektleiar i musikkproduksjonsselskapet Melovitten. Ho arrangerer også fleire festivalar og konsertar.

Solveig er ein engasjert folkedansar og instruktør, som har dansa og spelt fele/hardingfele stort sett heile livet. Ho deltok sjølv på Strunkeveko som ungdom. Solveig har eit brennande engasjement for folkedansen og folkemusikken, og elskar å få nerde dans i lag med andre. Ho er spesielt glad i runddans og pols, men har eit breidt fagområde som ho underviser i og synes det er spennande å utforske nye dansetradisjonar.

Solveig har helde ei rekkje kurs for nybyrjarar og godt erfarne dansarar og for både unge og eldre. Ho gler seg stort til å halde pardanskurs på Strunkeveko til sommaren!

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

 

KJØP BILLETT »

KJØP VEKEPASS »

Kurs
Start: Sundag 9. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 600 kr