Langeleik


Langeleikkurs med Ingrid Lingaas Fossum

Valdres er eit av dei største tradisjonsområda for langeleik, og i år har me fått tak i ein super utøvar frå Valdres til å ha kurset. Du får undervisning som er tilpassa din alder og ditt nivå. Læraren gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning.

For å vera med på langeleik bør du ha spelt i minst to år.

Ingrid Lingaas Fossum har undervist langeleik på Strunkeveko mange gonger tidlegare. Ho har vunne gruppespel med Magnhild Karsrud på langeleik, og er ein svært dyktig utøvar. Det som ikkje så mange veit er at Ingrid også er songar, med stor suksess i Tanzania. Ein av musikkvideoane hennar har 180 000 visningar på nettstaden YouTube.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr