Konsertproduksjon


Kurs i konsertproduksjon med Ådne Geicke Kolbjørnshus og Andreas Skeie Ljones

Konsertproduksjon er eit kurs for dei eldste på Strunkeveko og har ei nedre aldersgrense på 16 år.

Kursdeltakarane skal jobbe med å lage to konsertar, ein som skal synast fram i Tisleidalen torsdag kveld, og ein på Jørn Hilme-stemnet på fredag kveld. Deltakarene vil få innsikt i korleis det er å tenkje heilheit på ein konsert med tanke på repertoar, innhald, bruk av rommet, og meir organisatoriske sider ved det å skulle lage konsert. I tillegg vil ein jobbe med å sette lys og lyd til konsertane.

Kurset er for både dansarar og spelemenn/songarar. Deltakarane vil få verdifull kunnskap som kan kome til nytte enten ein ser for seg å leve som profesjonell folkemusikar/folkedansar, eller rett og slett ynskjer å bli tryggare som konserthaldarar.

NB! Kurset varer frå sundag 5. juli til fredag kveld 10. juli. 

Ådne Geicke Kolbjørnshus er frå Valdres og har bakgrunn frå turn og snøbrett før han begynte å dansa. Ådne har arbeidd med kombinasjonen teater og dans, og har blant anna jobba ved Västanå Teater i Sverige, Det Norske Teatret og i produksjonen «Putti Plutti Pott». Ådne har og jobba mykje med dansekompania Frikar, Kartellet og Villniss. I tillegg står han for eigne produksjonar som «Døgeniktenes debatt», som han laga saman med Vetle Springgard. Ådne har vunne A klassa i halling-dans i 2014 og 2018.

Andreas Skeie Ljones har vore med som lærar på konsertproduksjonskurset sidan oppstarten i 2017. Andreas er ein nyskapar og utviklar i folkemusikken. I tillegg til utstrakt konsertverksemd er han tilsett som produsent ved Riksscenen, den nasjonale scenen for folkemusikk og folkedans.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 22.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3500 kr