Hardingfele


Hardingfelekurs på Strunkeveko med Jan Beitohaugen Granli og Helga Myhr

Kurset har fokus på låttelære, men du får også gode tips til vidare utvikling som hardingfelespelar. I år har vi lærarar frå Hallingdal og Valdres, og låttar frå desse områda står naturleg i sentrum. Deltakarane blir delte inn i to grupper etter nivå og alder. Du vil få undervisning både individuelt og i grupper.

For å vera med på hardingfele bør du ha spelt i minst to år.

Jan Beitohaugen Granli
frå Øystre Slidre skulle vere kjend for dei fleste med sine seks sigrar på Landkappleiken og elles med sitt framifrå dansepel frå kappleikscena og på dansefestar. Han har hatt fleire gode læremeistrar og fører vidare ein gamal familietradisjon etter oldefaren Engebret Beitohaugen og far hans att, Nils Beitohaugen.

Helga Myhr er hardingfelespelar og songar frå Torpo i Hallingdal. Helga er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele og song, samtidig improviserar ho seg ofte gjennom dei spesielle slåttane og songane frå heimtraktane. Ho er utdanna ved Norges Musikkhøgskole. Helga spelar i ulike band og konstellasjonar og ho har gjeve ut kritikerroste plater med vokalgruppa Kvedarkvintetten og folkemusikkbandet Morgonrode. I fjor kom hennar fyrste soloplate.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr