Hardingfele fordjuping


Hardingfele fordjuping med Øyvind Brabandt

Er du klar for å ta hardingfelespelet ditt opp til eit nytt nivå? Då er fordjupingskurset på Strunkeveko rette staden å gjera det. Aldersgrensa er fjorten år og du lyt ha lang erfaring frå spel på hardingfele for å vera med. Årets instruktør er storspelemann Øyvind Brabandt som har eit rikt slåttetilfang, med hovudvekt på spel frå Hallingdal. Fordjupningskurset byr også på auka kunnskap rundt slåttespelet. 

 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr