Halling


Hallingkurs med Anita Vika Langødegård og Ådne Geicke Kolbjørnshus

Hallingen har eldgamle tradisjonar i Noreg, og har nådd eit skyhøgt nivå med utøvarar som tek dansen til nye høgder. Anten du har store ambisjonar eller du berre er spretten og danseglad, er hallingkurset på Strunkeveko plassen å bli ein betre hallingdansar. Ved sidan av store mengder hallingdans blir det også fleire økter med både akrobatikk og godkarstykke. 

Anita Vika Langødegård kjem frå Valdres. Ho begynte å danse i kultuskulen då ho var rundt fjorten år og dansa etterkvart meir aktivt i Bygda Dansar i Oppland, før ho gjekk på FRIKAR Akademeiet. Anita er utdanna ved Norges Dansehøgskule. Ho er utøvande dansar i tillegg til å undervise i samtidsdans og folkedans.

Ådne Geicke Kolbjørnshus er frå Valdres og har bakgrunn frå turn og snøbrett før han begynte å dansa. Ådne har arbeidd med kombinasjonen teater og dans, og har blant anna jobba ved Västanå Teater i Sverige, Det Norske Teatret og i produksjonen «Putti Plutti Pott». Ådne har og jobba mykje med dansekompania Frikar, Kartellet og Villniss. I tillegg står han for eigne produksjonar som «Døgeniktenes debatt», som han laga saman med Vetle Springgard. Ådne har vunne A klassa i halling-dans i 2014 og 2018.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

Covid-19

Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken vil bli gjennomført etter gjeldande smittevernreglar og forskrifter.

Du kan ikkje kome på Strunkeveko, Ministrunken og Mikrostrunken om du har, eller nettopp har hatt symptom som sår hals, forkjølelse, lett hoste, muskelsmerte eller hovudverk!

Vi vil gå gjennom smittevernreglane ved oppstart av arrangementet.

 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 11. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 17.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr