Halling fordjuping


Halling fordjuping med Martin Myhr

Ta hallingen til nye høgder! Nivået på hallingdansen i Noreg er på veg godt oppunder taket. Strunkeveko tek konsekvensen av dette og tilbyr kurs for den som verkeleg byrjar å få taket på både kast og takt. Fordjupingskurset i halling er for deg som har kome verkeleg langt som dansar, og kurset krev at deltakaren held høgt nivå. Fokuset på kurset er å utvikle seg som dansar og jobbe med eit personleg uttrykk.

Du lyt vera over fjorten år og ha ei interesse for både dansen og teknikken bak. Har du det, lovar vi store mengder inspirasjon og danseglede i løpet av desse dagane i Valdres. 

Martin Myhr er ei levande legende i folkemusikkmiljøet. Han har i lag med kona Gunnlaug bygd opp fleire gode ungdomsmiljø for folkemusikarar i Hallingdal, og har vunne A-klassa i halling heile 6 gonger! Martin Myhr har vore på Strunkeveko nesten alle år sidan oppstarten i 1998. 

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 16.00
Stad: Strunkeveko, Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr