Fele


Strunkeveko felekurs med Rasmus Kjorstad og Astrid Sulheim

Fem dagar med undervisning i fele med fantastiske instruktørarar frå Harpefoss og Lom.

Deltakarane blir delte inn i grupper etter nivå og alder. Lærarane gjev dykk både individuell undervisning og gruppeundervisning. På kurset vil du lære mange nye låttar og få tips til vidare utvikling.

For å vera med på fele bør du ha spelt i minst to år.

Rasmus Kjorstad har sidan ungdomsskulealder interessert seg for slåttespelet og historiane knytt til tradisjonen i Midt-Gudbrandsdalen. Han er ein aktiv musikar, med engasjement i mange konstelasjonar, Morgonrode, Kjorstad-Brothers og Torgeir Vassvik for å nemne nokre.

Astrid Sulheim er busett i Lom i Gudbrandsdalen. Ho har hatt Rolv Brimi som læremeister og i tillegg lært av Knut Kjøk, Amund Bjørgen og Bjørn Odde. Ho har vore aktiv i Lom spelmannslag sidan starten av 90-talet. Astrid har vunne A-klassa på Landskappleiken tre gonger og figurerer blant dei øvst plasserte i den tevlinga kvart einaste år.

Søskenmoderasjon: Dersom to eller fleire søsken deltek på kurset får de ein søskenmoderasjon. Moderasjonen er på 500 kr og du skriv då inn rabattkoda «Søskenpris» i feltet som sier: «Hvis du har en promo-kode, legg den inn her». NB: rabatten skal bli synleg på prisen før betalinga er gjennomført. 

KJØP BILLETT »

Kurs
Start: Sundag 5. juli kl. 17.00
Slutt: Fredag 10. juli kl. 16.00
Stad: Merket i Tisleidalen
Pris: 3 500 kr