Informasjonsskriv

Kjære deltakar på Strunkeveko 2010


No er det ikkje lenge før kvar ein krik og krok av Valdres folkehøgskule skal fyllast opp av nye og gamle strunkar. Det er i år tolvte gongen Strunkeveko går av stabelen og me gler oss! I styringsgruppa for Strunkeveko sit no Eli Marit Fuglesteg, Gro Arneng, Kjellbjørn Karsrud, Kari Grøsland, Live Karin Liaskar og Ingvild Lie. Me skal leie dykk trygt gjennom alle strunkestrabasar i fem dagar.
I dette brevet finn du praktisk informasjon til både deltakar og føresette, samt ein timeplan for kursveka. Det kan bli små endringar i timeplanen fram mot kursstart.

Betaling
Gjer vel og betal kurset med giroen de har fått tilsendt innan fristen. Gje beskjed dersom summen på giroen ikkje stemmer. Påmeldinga er bindande.
Den ordinære kursprisen er 3000 kroner. Viss sysken deltek på kurset, og bur på skulen, får kvar av dei 600 kr i rabatt. Det kan vera lurt å søkje lokale folkemusikklag og heimkommunen om stønad.

Her finn du oss
Kurset går føre seg på Valdres folkehøgskule på Leira i Valdres. Leira ligg sentralt i Sør-Noreg ca 4 km sør for Fagernes, og Valdres Folkehøgskule ligg sentralt i Leira. Når de svingar av frå E16 og inn i Leira sentrum, ser de lett dei gamle tømmerbygningane nedst på skuleområdet. Resepsjonen er i murbygningen på øvre del av området. Viss du kjem med bussen, seier du til sjåføren at du skal av i Leira sentrum. Frå bussdøra ser du nokre store tømmerbygningar – dit skal du.
Det er oppmøte og registrering på folkehøgskulen sundag 25. juli frå klokka 17.00 til 18.30. Her blir det også servert grillmat til alle deltakarane. Etter grillinga er det konsert med lærarane. Me håpar at også foreldra vil ta seg tid til ein konsert med eit utval av landets beste folkemusikkutøvarar.

Innkvartering
På folkehøgskule bur de på 2-, 3- og 4-mannsrom. Mange har sagt frå kven dei vil dele rom med, og dette vil me prøve å ta omsyn til. Me har nattevakter i kvart av internata. Nattevaktene ser til at alle er på plass og at det er ro på internata natterstid.
Alle deltakarar må sjølve ta med seg sengeklede (dynetrekk, putevar og laken). Det er fint om dei vaksne ser til at dette vert lagt på sengene fyrste kvelden.

Dersom du har allergi og må ha særskild diett eller det er andre omsyn me skal ta, må du seie i frå innan 1. juli.

Undervisning
I løpet av kursveka får du undervisning både i grupper og individuelt. På dei fleste kursa prøver me å dele inn gruppene etter nivå og alder, dette for å gje alle deltakarane eit best mogleg tilbod. I tillegg blir det høve til å spele til dans fleire gonger i løpet av veka, og alle deltakarane vil få eit innføringskurs i dans.

Til foreldra

Reglar
For at me skal ha ei god kursveke, har me nokre reglar som gjeld for alle deltakarane så lenge dei bur på Valdres folkehøgskule:

• Ein må ikkje forlate skuleområdet utan lov.
• All bruk av tobakk og alkohol er forbode.
• Alle skal vera på plass på sine eigne rom, og det skal vere stille i alle hus kl. 23.30 (Krullarkro, for dei som er 14 år eller eldre, sluttar 01.00)

Ved brot på reglane risikerar elevane:
• At dei må ligge på rom med ei av nattevaktene
• At dei må ringe heim og fortelja kva dei har gjort.
• Ved stadige brot/grove regelbrot kan elevane bli heimsende.

Bilete frå Strunkeveko
Me kjem til å ta bilete i løpet av kursveka. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell / trykksaker. Dersom de vil reservere dykk i mot dette, må de sende beskjed via mail i god tid før kursstart.

Bading
Det vil bli organisert bading i Strandefjorden. Dette vil gå føre seg i grupper, og det vil vere med badevakter. For at elevane skal kunne vera med på badinga, treng me godkjenning frå foreldra. Fyll ut svarslippen nedst på brevet, og send han med eleven.

”SPOR”
Strunkeveko blir runda av med ei storslagen framsyning der alle elevane deltek. Temaet for konserten er i år den myteomspunne spelemannen Fant-Karl. Regien for framsyninga har folkedansteater-gruppa, under leiing av Hæge Manheim. Dette blir ein flott konsert der me håpar å sjå mange stolte foreldre! Billettar kan tingast via festivalkontoret til Jørn Hilme-stemnet, tlf 61 35 94 23.
Etter konserten blir det eit enkelt måltid som de kan eta i lag med oss. Dei av dykk som ynskjer mat, må seia ifrå til oss på førehand.

Jørn Hilme-stemnet
Parallelt med Strunkeveko går Jørn Hilme-stemnet av stabelen. Dette er Noregs største og eldste folkemusikkfestival, og Jørn Hilme-stemnet feirar i år 50-årsjubileum! Alle som deltek på Strunkeveko vil få gratis gjennomgangsbillett til alle arrangementa på Jørn Hilme-stemnet. Alt de treng å gjere er å møte opp på festivalkontoret og registrere dykk der etter at Strunkeveko er over.
Sjå nettsidene til Hilme-stemnet for meir informasjon om konsertar, kurs og kappleik: www.hilme.no

Telefonliste:
Ingvild Lie, dagleg leiar                                         99 29 50 56     
Sentralbordet på Valdres Folkehøgskule:                 61 35 95 00
Tinging av billettar til Jørn Hilme-stemnet:               61 35 94 23
Den vanlege kontortelefonen vår fram til kursstart:   61 36 46 71


Hugseliste: 
• Instrument
• Sengetøy (dynetrekk, putevar og laken)
• Klede og sko som passar til dans og aktivitet.
• Passande kostyme til sjokoladekappleiken
 ”Sirkus Strunkano”
• Fine klede til elevkonserten fredag
• Regntøy + varme klede
• Handkle og toalettsaker
• Badetøy
• Liten ryggsekk
• Passande utstyr til fotballkamp.
• Lommepengar (kiosk og brusautomat)
• Badelapp (sjå nedst i dette skrivet)
• Kosebamse 
 

Har de spørsmål om Strunkeveko, ta kontakt på telefon (sjå telefonliste) eller via mail: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. . Sjå også nettsida vår:  www.strunkeveko.no


Velkomen skal du vera!


Badelapp:
…………………………………………………………………………………………………………………………...........................


Eg gjev ……………………………………………………………. lov til å bade i Strandefjorden i
  (namn på elev)

løpet av Strunkeveko.


………………………………………..
(underskrift foreldre/føresette)