|
Ministrunken
27.-28. juli 2010
Kjære deltakar på Ministrunken 2010!
Her finn du informasjon om Ministrunken, timeplan og oversikt over lærarane. No er det tredje året Ministrunken blir arrangert og me gler oss til å møte deg. Målet med desse dagane er at me skal ha det svært triveleg i lag, og spela, synge og danse og kose oss.
Betaling
Gjer vel og betal kurset med giroen du får tilsendt innan fristen. Gje beskjed før fristen går ut dersom summen på giroen ikkje stemmer. Påmeldinga er bindande.
Kursprisen er 600 kroner. Dette dekkjer instruksjon, konsert og lunsj for to dagar. Det kan vera lurt å søkje lokale folkemusikklag og heimkommunen om stønad.
Her finn du oss
Ministrunken går føre seg på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Oppmøtet er på Slidrehuset, eit gamalt forsamlingshus nede på den opne plassen på museumsområdet, tysdag 27. juli kl. 10.00.
Timeplan
Tysdag 27. juli:
Kl. 10.00 – 11.00. Fruktsamling, felles leik og dansemoro. Presentasjon av lærarar.
Kl. 11.00 – 13.00. Instruksjon i dei ulike husa
Kl. 13.00 – 14.00. Lunsj og frileik.
Kl. 14.00 – 15.00. Konsert med John Ole Morken og Lajla Renate Buer Storli
Onsdag 28. juli:
Kl. 10.00 – 11.00. Fruktsamling, felles leik og dansemoro
Kl. 11.00 – 13.00. Instruksjon i dei ulike husa
Kl. 13.00 – 13.30. Lunsj
Kl. 13.30 – 14.00. Førebuing til konsert
Kl. 14.00 – 15.00. Elevkonsert for foreldre og andre
Instruktørar:
I år er det desse dyktige instruktørane som skal vere med på Minstrunken:
Halling: Ådne Kolbjørnshus, Signe-Marie Hernes Bjerke, Rune Hernes Bjerke
Langeleik: Sina Myhr
Song: Bergit Ødegård
Toradar: Ole Kristian Fredriksen
Hardingfele/fele: Laura Ellestad
Bilete frå Ministrunken
Me kjem til å ta bilete i løpet av kurset. Desse bileta kan seinare bli nytta på nettsidene og i reklamemateriell / trykksaker. Dersom de vil reservere dykk i mot dette, må de sende beskjed via mail i god tid før kursstart.
Velkommen skal du vera!
|