Kurs og instruktørar Strunkeveko 2010

 spel.nettsider.jpg
Foto: Tine Krange

 
Dans med vekt på halling:
Dette er kurset for deg som likar å danse og lea deg dagen lang!
Instruktørane gjev deg undervisning i hallingdans, akrobatikk
og godkarstykkje. Du får óg ei innføring i pardans.
Instruktørar:
Bjørnar Heimdal
Ulf-Arne Johannessen
 

Samspel:
Samspel er eit kurs for deg som har lyst til å lære meir om arrangering og samspel med andre instrument.
 Dersom du vil vera med på dette kurset må du vera erfaren på instrumentet ditt.
Sidan det ikkje kan vera veldig mange deltakarar på dette
kurset gjeld "fyrstemann til mølla"-prinsippet!
Instruktør:
Audun Fremmerlid Skjølberg
(For deltakarar på alle slags instrument, gitar, bass osv)


Folkedansteater
Folkedansteater set i år fokus på drama og forteljarkunst, men folkedans vil også vera ein viktig del av kurset.
Deltakarane har ansvaret for regien av avslutningsframsyninga vår.
Framsyninga heiter "SPOR" og den raude tråden er musikken og historiene
me har etter spelemannen Fant-Karl.
Intruktørar:
Hæge Manheim

 
Dans og utrykk:
Dette er kurset for deg som allereie har dansa ei stund og er over 16 år.
Eit knippe av dei beste instruktørane står klare til å gje deg
ei innføring i så vel tradisjonelle dansar som meir moderne
danseformar og danseteknikk. Dette er eit kurs som 
garantert vil gje deg både inspirasjon og danseglede! 
Kursansvarlege er:
Martin Myhr
I tillegg vil du møte desse instruktørane:
Siri Mæland
Vidar Underseth
Gunnlaug Lien Myhr

Instrumentkurs
For å vera med på fele, hardingfele, toradar og trekkspel må du ha spelt på instrumentet ditt i to år.
Langeleik og song har tilbod til nybyrjarar.
Dersom du har spørsmål om leige av instrument,
kontakt oss i god tid før kurset, så kan me hjelpe deg med det.
Her skal det bli spel og song i alle krikar og krokar ei veke til endes!

Fele:
Nina Fjeldet
John Ole Morken
Ole Foss
Eivind Kjorstad

Hardingfele:
Knut Hamre
Arne Anderdal 
Lajla Renate Buer Storli
Håkon Asheim

Toradar/trekkespel:
Ranveig Djønne
Stein Magne Eggen

Langeleik:
Marit Steinsrud
Knut Aastad Bråten

Song: 
Unni Boksasp



Kurspris
Dei ordinære kursa kostar kroner 3 000. Syskenmoderasjon kroner 600 pr. søsken. Dette dekkjer kost, losji og undervisning sundag til fredag. Det kan vera lurt å søkje heimkommunen din og det lokale spel- og dansarlaget om økonomisk støtte.
 


Påmelding
Meld deg gjerne på til Ministrunken via det elektroniske påmeldingsskjemaet du finn på sida her. Har du problem med påmeldinga, send ein mail til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. Merk påmeldingsfristen: 1. juli!

 
Lærarane er klare!
Då er lærarane for Strunkeveko 2010 klare! Sjå kurstilbod for meir informasjon.