Konsertar 2010

"Den finaste låtten"
Dette er konserten der instruktørane på Strunkeveko får vist kva dei kan. Og det er ikkje lite, dette er ein knallstart på ei knallveke!
Sundag 25. juli kl 19.30//Valdres folkehøgskule, Leira

"Dans på lokalet"
Måndagen skipar  vi til ein dansefest på folkehøgskulen. Her vil dyktige spelemenn frå Valdres, saman med instruktørane på Strunkeveko sørge for drivande godt dansespel. Vi loddar ut fruktkorg på inngangsbilletten, og kiosken stiller med sal av brus og godteri for dei som likar det!
Måndag 26. juli kl. 19.30//Valdres folkehøgskule, Leira

"Sirkus Strunkano"
Temaet for sjokoladekappleiken i år er SIRKUS! Dette er kappleiken for alle som kan ein klovnedans, ei linedansarvise eller rett og slett er veldig glad i sjokolade!
Onsdag 28. juli kl. 19.00//Valdres folkehøgskule, Leira

"Flate steinar - er til å stija på"
På torsdagen skal me få sjå avslutningsfrmsyninga til Lea de - Bygda dansar i Oppland. Her vil me få sjå bygdedansen i nye og spanande uttrykk. Ungdommar frå prosjektet dansar og spelar saman med profesjonelle dansarar og musikarar.
Torsdag 29. juli kl 19.00//Kulturhuset på Fagernes

"Dans på Slidrehuset"
Strunkeveko stiller opp med dansespel på Slidrehuset for alle danselystne!
Torsdag 29. juli kl. 21.00//Slidrehuset på Valdres folkemuseum, Fagernes

"SPOR"
Avslutningsframsyninga for Strunkeveko 2010 heiter SPOR. Her vil alle deltakarane på kurset delta, og gjennom song, dans, spel og teater vil ein fortelje om spelemannen Fant-Karl. Vel 100 flotte deltakarar i ei og same framsyning - dette må bli heilt strålande!
Fredag 30. juli kl. 15.00//Valdres folkehøgskule, Leira

 
teater.nettsider.jpg

Foto: Tine Krange
 


Påmelding
Meld deg gjerne på til Ministrunken via det elektroniske påmeldingsskjemaet du finn på sida her. Har du problem med påmeldinga, send ein mail til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. Merk påmeldingsfristen: 1. juli!

 
Lærarane er klare!
Då er lærarane for Strunkeveko 2010 klare! Sjå kurstilbod for meir informasjon.